«Du, det var så lite»
Tekst: Finn Tokvam Musikk: Odd-Erik Lothe
Døgnet er snudd på håveLyset er som ein kniv
Eg er ein bylt av lengsel
Dette er òg eit liv
Tømmer alt ut av skapet
Seier takk og farvel
Søv meg gjennom dagen
Drikk meg inn i ein kveld
I speilet ei blå rand av rødvin
Eit smil som trumfar eit grin
Du har alle brikkene, dei svarte og kvite
Du, det var så lite
Kor tok det vakre vegen
Mørkeret rommar ditt namn
For deg var eg eit fengsel
For meg var du ei hamn
Ut på vandring, ut og leite
Finne ny stad å bli
Bli nokre dagar
Eller all mi tid