Notice: Undefined variable: promo in /home/grammofo/public_html/utgivelser/lyrics.php on line 112
«Karane på benken» : «Summetonar» : Stedje, Lothe, Tokvam : Grammofon

«Karane på benken»

Tekst: Finn Tokvam    Musikk: Odd-Erik Lothe

Det sit nokre karar på ein benk i bygda mi
Dei held seg helst i ro, berre tida fer forbi
Dei snakkar litt om vér og helsa og om hjortejakt
Men helst så er dei stille, det meste er vel sagt

Dei veit kva som skjer, kven alle er i bygda si
Dei kjenner alle linjene frå no til gamal tid
Dei har sete der ei stund, dei har alltid vore der
Det hender at dei røyser seg og trakkar litt og ser

Karane på benken deler dagen der i lag
Dei veit det så vel
Berre fjell og fjord står att ein kveld
Så kom og set deg ned

Dei spyttar mellom tenna og klappar gamle pus
Veit om alt som skjer i både heim og heradshus
I kommunen er dei toskne, dei manglar jo ein plan
Og halte-Sjur har fått seg flett ny hofte i titan

Som ein stødig stabbestein på evig utrygg veg
Sit dei der på benken, ser på folk som kjem og dreg
Heime ventar middagen, det blir nok steikt makrell
Me sjåast att i morgon, ha god middag og god kveld