Notice: Undefined variable: promo in /home/grammofo/public_html/utgivelser/lyrics.php on line 112
«Brev til sommaren» : «Sambaliten» : Håkon Paulsberg : Grammofon

«Brev til sommaren»

Tekst: Josef G. Larssen    Musikk: Monrad Holm Johnsen

Du kjære sommar, ta med deg sola
Og kom ein tur hit, til Alversund.
Det er snart Jonsok, og skulen sluttar
Så kom du berre og ver ei stund
Den blå syrinen, i Gamlehagen
er full av knoppar, så du forstår
at det som trengs, det er sol og varme,
så skund deg sommar, for tida går.

Du kjære sommar, ta med deg sola,
og vev ditt teppe med blomar på.
Med nattfiol og med tiriltunge
og prestekrage og balderbrå.
Kom hit med solskinn og varme dagar
og fine kveldar med fløyelsvind,
så skal jeg prise deg kjære sommar,
I aller tynnaste kjolen min.

Så snart du kjem, så skal jeg få reise
til Besten min sørpå Varaldsøy.
Å - eg skal bada og plukka jordbær
og ri på Blakken og køyra høy.
Å - kjære sommar, ta med deg sola
og kom så fort som du berre ka,n
eg ventar på deg, du er velkomen,
- med vennleg helsing frå Mari-Ann.