Notice: Undefined variable: promo in /home/grammofo/public_html/utgivelser/lyrics.php on line 112
«Vakre Shelley O’Neill» : «Sambaliten» : Håkon Paulsberg : Grammofon

«Vakre Shelley O’Neill»

Tekst: Josef G. Larssen    Musikk: Håkon Paulsberg

Ho står bak disken i Paddy Larkins «Old Inn»
der du får mat, og får øl og whisky og gin.
På kjøpet får du deg og eit hjartevarmt smil
av ho bak disken, den vakre Shelley O’Neill.
Ho har ei hårprakt som liknar flammande bål,
og grøne auge som brått kan blenkje som stål.
Men når ho svingar seg i ein drivande reel,
då glitrar augo på vakre Shelley O’Neill
-Vakre Shelley, vakre Shelley O’Neill.

På fine kveldar, ho køyrer tur med Lord Gill,
ein gammal travar som travar nett som han vil.
Men spør du om ho vil byte Lorden i bil,
då gneistrar augo på vakre Shelley O’Neill.
Er du så heldig ein kveld, og får køyre med,
og det er måne, og de sit kne i mot kne,
så frys du ikkje, sjølv på ein kveld i april,
når du sit saman med vakre Shelley’O’Neill.
-Vakre Shelley, vakre Shelley O’Neill.

« Old Inn» ligg triveleg til, ved Sevenmilecross,
der lyngheibekken skyt fart og lagar ein foss.
Der fekk eg mat og der fekk eg øl og ein kvil,
og bakom disken sto vakre Shelley O’Neill.
-Når vinden kjem i nn fra havet mot Holmarøy,
Går ofte tankane til mi nord-irske møy.
Og om det dit bort er mange havblåe mil,
så kan eg sjå ho – den vakre Shelley O’Neill!
-Vakre Shelley, vakre Shelley O’Neill.