Notice: Undefined variable: promo in /home/grammofo/public_html/utgivelser/lyrics.php on line 112
«Vesle-Lars Johan sin tangodraum» : «Sambaliten» : Håkon Paulsberg : Grammofon

«Vesle-Lars Johan sin tangodraum»

Tekst: Josef G. Larssen    Musikk: Håkon Paulsberg

Nå står han Vesle-Lars Johan frå Alvaneset
Og støer veggen på lokalet Vestøytun
At han har skjenkt seg litt, det syner smilefjeset,
og røysta hans som stundom let som ein basun.
Han Lars Johan er ikkje med i dansarklikken
Som stimar dansegolvet rundt med sprett og spring,
å nei - en tango med ho Tora på butikken,
er det han ønskjer seg, og ikkje rock og swing.

Han skulle meir enn gjerne dansa med ho Tora,
men kjenner seg så liten, Tora er så stor.
Han rekk ho snaut nok opp til halsesmykkesnora,
sjølv om han stiller opp med dobbeltsola skor.
Så om han kjenner at det klør i danseleggen
når tangorytmar gjennom Vestøytunet går,
han berre ser på Tora, mens han støer veggen,
slik han har gjort kvar laurdagskveld, i mange år.

Når siste dansen kjem, då stivnar smilefjeset,
mens Tora, med ein annan, dansar tett forbi.
Og Vesle-Lars Johan set kurs mot Alvaneset,
mens nattevinden syng sin dansemelodi.
Og med sin eigen skugge, og til nattmusikken,
mens smilet tinar fram på Lars Johan sitt fjes,
han dansar tango med ho Tora på butikken,
ein midnattstango, vegen heim til Alvanes.