Notice: Undefined variable: promo in /home/grammofo/public_html/utgivelser/lyrics.php on line 112
«Når kvelden kjem» : «Sambaliten» : Håkon Paulsberg : Grammofon

«Når kvelden kjem»

Tekst: Josef G. Larssen    Musikk: Svein A. Lindemark

Når kvelden kjem og en tenkjer etter,
Så var det mykje en kunne gjort,
Men dagen har berre sine timar
Og tida går jo så altfor fort.
Det var så mange og gode høve
ein burde nytta og gjort litt med,
men samma korleis det heile snudde,
vart alltid tida for knapp tel det.

Når kvelden kjem og ein tenkjer etter
På alt ein ikkje fekk til å gå,
så gjer det godt og gjev ro i sjela
om ein har noko å skulda på.
Då kan ein skulde på livets lagnad
for att ein berre fekk det ein fekk,
og at ein aldri tok nokon sjanse
fordi dei største til andre gjekk

Men om nå kveldstanken fer på vidda,
så kan det hende han undrar seg
om ikkje lagnaden var blitt betre
om einkvan hadde hjelpt han i veg.
Og om ein saknar den store sjansen
når ein ser etter i livets bok,
så kan det hende at denne sjansen
var nettopp den som ein ikkje tok.