«Kjølsdalssongen»
Tekst: Odd-Erik Lothe Musikk: Odd-Erik Lothe
Det lenge sia eg va bufast her,men med åra kjeme du endå meir nær
det e her som røtene e planta fast,
frå stad te stad e du mi dyre last
det e her kor alle blånke minne bur,
det va her eg kleiv i epetre og ur
her alle arr va friske sår en gong,
det var her eg skreiv min aller fyrste song
Å, te Kjølsdalen ve eg komme heim,
sjølv om skodda henge lavt
og bussen alltid e litt sein
på en godveirsdåg e du en nål eg i en høstakk fann
då e ingen meire grøn og blå, du e mitt draume land
Å, te Kjølsdalen ve eg komme heim,
det va her eg fekk mitt fyrste kyss,
va her eg lo og grein
du e ei skjønnhet som eg gløymde,
som eg gøymde i en sko
tru meg; du har aldri vore finare enn no
Her har eg vore dreng og bore staur,
her har eg rekt omkring og vore slaur
her har eg gått på skule og fått skjenn,
og ros når eg retta alt igjen
Her har eg gått i korps og 4H
med håp om jenter som eg kunne få
Her har eg skjenkt meg svimmel, ør og glad
på flakedans med fallerallera
Frå Sanden og Neset, te Jeddalen, Jådalan,
Flakjen og te fjella rundt i ring
frå Framigard, Inigard, Utigard, Oppitun,
ja, kver krik og krok og sving
gje meg rømegraut og svele, gje meg løfse og klubb
gje meg meir enn eg kan tåle
for eg elskar rubb og stubb!