Notice: Undefined variable: promo in /home/grammofo/public_html/utgivelser/lyrics.php on line 112
«Den usynlege gjesten» : «Songen gjennom alle tider» : Gunstein Draugedalen, Olav Mosdøl : Grammofon

«Den usynlege gjesten»

Tekst: Olav Mosdøl

Det går ein usynleg gjest,
det går ein usynleg gjest over markene.
Han smiler ofte på den gamle vegen.
Me høyrer røysta i lufta
me høyrer røysta i lufta
når klokkene kling over åsane.

Rynkene lettar frå dei trøytte andleta,
sorgene slepper taket i dei stramme leppene.
Ei tåre vaskar kinnet
ei tåre vaskar kinnet
når ljoset syner Meisteren
gjennom eit roseglas.

Det går ein usynleg gjest,
det går ein usynleg gjest over tiljene.
Han trøystar ofte med dei milde augo.
Me kjenner handa på døra
me kjenner handa på døra
når klokkene kling over åsane.

Smertene losnar frå dei tunge føtene,
salmar opnar orda for dei tause stemmene.
Ei hand deler ut brødet
og vinen til orda
frå ein Menneskeson.
Så går me stille til Golgata.