«På reise i livet»
Tekst: Olav Mosdøl Musikk: Gunstein Draugedalen
På reise i livetså treng me eit fylgje
av englar som vernar
i luft og på bylgje.
På reise i verda
så treng me til venner
som deler vår glede
og sorga vår kjenner.
På reise med åra
så treng me eit feste
i truskap og kjærleik
som aldri kan breste.
På reise med tida
så treng me til hender
som viser oss omsorg
når livskrafta vender.
På reise med gleda
så treng me kje gråte
for den gjev oss meining
med livet si gåte.