Notice: Undefined variable: promo in /home/grammofo/public_html/utgivelser/lyrics.php on line 112
«Nytt er livet» : «Songen gjennom alle tider» : Gunstein Draugedalen, Olav Mosdøl : Grammofon

«Nytt er livet»

Tekst: Olav Mosdøl    Musikk: Gunstein Draugedalen

Nytt er livet som grip tak i ljoset
når det fyrste skriket sprengjer tida.
Foten lyfter seg frå faste punktet
og ein foss av lyd slår gjennom stilla.

Handa søkjer mot den varme kroppen
i det store rommet under stjerner.
Freden samlar seg i mjuke neven
når ein liten munn mot bringa vender.

Fint er livet med sin store sjanse
i eit under skapt av fryd og smerte.
Barnet gjennom tid og rom kan danse
heilt til tårer kjem og gjestar hjarte.

Auga vender seg mot nye dagar
tek mot kjærleik under open himmel.
Håpet kjem frå Herren som velsignar
og held fast i verdas travle vrimmel.