«Trø varleg min fot»
Tekst: Olav Mosdøl
Dei siste åra besøkte eg hennepå bygdeheimen.
Eg ser andletet bak ruta,
rynkene har forma sitt nettverk
over eit langt liv.
Auga smiler i kveldinga
og minner om solefallstimar.
Ho seier: - Det er uforklarleg
å minnast styrken i kroppen.
Eg var sytten somrar og elska arbeidet,
kjende fryden når mjølka auka i bytta
og osten stod på rekkjer i mjølkehuset.
No ligg eg stille på senga
og bed om lindring for smertene.
Men eg har mine gøymestader.
Der fører eg
daglege forhandlingar
med vår Herre,
om at eg må vakne
død i morgon.
- Med foten på dørstokken
står sjela på tynne solar.
Ho ser inn i det store og ukjende.
Undrande står ho. Ustø står ho.
Dei tynne solane kjenner
trykket frå dørsstokken
mellom tid og æve.
I kveldstimen tek me farvel
og veit ikkje at dette er siste gongen.
Men eg har ei underleg kjensle
av å stå på terskelen til det ukjende.
Difor seier eg stille i skumringa:
- Trø varleg min fot.
Ja, trø varleg.