«Krafta»
Tekst: Olav Mosdøl
Har du sansastyrken i ordet og
systemet i stjernene
då anar du at
krafta
formar spennet
i stålmastene.
Har du granska
tonen i ordet og
krossen i biletet
då merkar du at
krafta
byggjer bruer
over avgrunnane.
Har du gripe
trøysta i ordet og
signalet frå hjelparen
då skjønar du at
krafta
strekkjer liner
gjennom rømdene