Notice: Undefined variable: promo in /home/grammofo/public_html/utgivelser/lyrics.php on line 112
«Regnsong» : «Songen gjennom alle tider» : Gunstein Draugedalen, Olav Mosdøl : Grammofon

«Regnsong»

Tekst: Olav Mosdøl    Musikk: Gunstein Draugedalen

Sildring i høge heimar
og dropar mot vårleg jord,
i lette skjelvande sveimar
det lullar så mjuke ord.

Det syng ifrå andre strender
det kjæler jord og kvart tre,
dei svale regnmilde hender
ber livet på jorda ned.

Songen sullar og svallar
med dropen driplar og dryp,
og jorda kviskrar og kallar
når bekken brusar og bryt.

Væt meg, verm meg og vekk meg
bed jorda og opnar sitt fang,
fløym med din flaum og søkk meg
i sæle regndropeklang.