«Det syng så vakre tonar»
Tekst: Olav Mosdøl Musikk: Gunstein Draugedalen
Det syng så vakre tonar gjennom kveldennår himlens Herre samlar ljoset inn.
Dei siste ljodar døyr i avdagsskjelven
og skaparhender lange skuggar bind.
I kveldens røyst det ligg ei stille minning
om Herrens fred til alle han har kjær.
Dei milde strålar er ei kjærleg helsing
til vener som han no vil stige nær.
Ver still mi sjel lat songen min få binde
ein gullan tråd av bøn i himlen inn.
Ver audmjuk sjel så du kan vegen finne
og eige arv der æveljosa skin.